torsdag 8. desember 2011

Jarnframstillingsplass frå vikingtida funne på Holm i Rauma

På tur ned frå turmålet Litlelomtjønnhaugen på Holm blei Mads Langnes, konservator ved Romsdalsmuseet, oppmerksam på nokre raudbrune klumpar under eit rotvelt. Ved nærmare ettersyn viste dette seg å vere slagg – spor etter førhistorisk jarnframstilling.

Kring rotvelta låg det også mange store steinheller, spreidd i ein omkrins på om lag 2-3 meter. Det meste av slagg og kol er funne innanfor denne krinsen. Enkelte slaggklumpar har også størkna fast til stein. Det som likevel gjev det beste bilete er dei jordmassane som framleis ligg under rota. Her skimtar man ein svart sirkel av kol med diameter på om lag 1 meter. Utanfor denne står det også enkelte steinar på høgkant. Truleg har omnen vore omkransa av slike heller, men då treet velta blei dei fleste rokka frå sin opphavlege plass.

Kolsirkelen viser at det har vore ei grop under omnen. Saman med storleiken og slaggtypen (størkneslagg) verkar dette å ha vore ein såkalla gropsjaktomn. Dette er den eldste omnstypen vi kjenner til, som regel datert til eldre jarnalder (ca 500 f.Kr.-550 e.Kr.). Her blei veden forkulla i omnen, og under blestringa rann slagget ned og størkna i ei grop på undersida. Det har difor ofte avtrykk etter ved- eller kolbitar. Seinare (ca 800-1350 e.Kr.) er det vanleg at veden blei forkulla i eigne groper (kolgroper), noko som tillét ein å nytte smalare sjaktomnar. Slagget blei då i staden tappa ut på sida av omnen (tappeslagg).

Det var difor litt overraskande at omnen på Holm blei datert til vikingtid/tidleg mellomalder. Den er likevel ikkje unik. På Smiset, nokre kilometer lengre vest, er det også funne størkneslagg frå same periode. I tillegg er det gjort dateringar av vikingtidsaktivitet på Holmseterhaugen like ovanfor, men her er det usikkert om denne er knytt til jarnproduksjon, setring eller noko anna. Elles skal det også vere funne slagg på Myrsetsetra og på fleire av gardane langs fjorden, utan at ein her veit meir om alder og type.

Samla er det grunn til å anta at det var ein viss lokal jarnproduksjon i Holmsbygda i vikingtid og tidleg mellomalder. Ein nytta seg likevel av ein eldre metode enn samtidige produsentar på Austlandet, der jarnframstilling i løpet av mellomalderen utvikla seg til ein protoindustri. I eit større perspektiv kan ein kanskje sjå begge delar i samanheng med handelstaden på Veøya, som ligg i fjorden like utanfor. Med framveksten av handelsplassen kan behovet for jarn ha auka. Samstundes kan dei betre handelssamkvema utover i mellomalderen ha medført at den lokale produksjonen blei utkonkurrert av jarn av betre kvalitet. Frå høgmellomalderen er det ikkje påvist jarnframstillingsplassar i Møre og Romsdal, medan produksjonen i aust ekspandanderar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar